Hele familien besøker MaMa på Filippinene

20161124_021830[1]

Frida, Merete og Malene

 I november 2016 fekk Ma’Mas besøk frå Kragerø. Det var Merete Kristiansen (41), saman med døtrene Malene (19) og Frida (15). Dei skal være her i 2 vk. Litt seinare kjem far saman med datter (10) og bur her i nokre dg. Eg møter tre kjekke damer som ser svært fornøgde ut. Mor fortel at ho alltid har hatt lyst til og ta familien med på ein meningsfylt ferie. Ho har hatt eit ynskje om og få oppleva hjelpearbeid på nært hold. Etter å ha snakka med ei venninne som hadde vore på Filippinene fekk ho og lyst til og prøve. Familien har ein tanke om at dei kan få opplevingar som gjer at ein ser at det nyttar å gi og dele. Det er ein konkret måte og vise nestekjærlighet på. Vidare fortel dei om at det har vore overveldende med alle inntrykk dei har fått. Det å få oppleve kor gavmilde filippinarane er, er stort. Dei deler av det dei har, sjølv om dei har lite og ta av. Dei synes filippinerane er flinke til og sjå framover. Dveler ikkje ved det som har vore. Dei er glade for det dei har fått.  På spørsmål om det er noko som har gjort spesielt inntrykk, fortel dei om eit besøk hos ein fattig familie. Mor og far var på sjukehus med ein 10 år gamal son. Tre barn på 13,11 og 6 år var åleine heime.  Dei var utmagra og skitne.  To brødre på 6 mnd og 3 år var døde for nokre dagar sidan av diaré og oppkast. Dei kom på sjukehuset, men det var for seint.  Det var sterkt og sjå to små barnekister som stod i heimen.  Neste dag var dei på nytt heimebesøk.  Då var far komen heim att.  Vi fekk være med  og skaffe mat og utstyr til huset, for familien mangla absolutt alt.  Sosialarbeidarar som var med gav far tilbod om at barna kunne få kome til Ma-Ma’s og bu der ei tid, til foreldrene er klare til og ta seg av dei. På Ma-mas vil dei få tilbod om mat og omsorg, samt skulegang. Ingen av barna har gått på skule ennå.  Det er heilt klart at oppholdet her har gjort noko med oss. Vi ser at det nyttar å dele. Og vi forstår at dei problemene vi kan oppleve heime i Norge gjerne ikkje alltid er så store.

Beste helsing Grete Tvedt