Kategorier
Nyhet

Våre norske hjelpere i Imus fengselet utenfor Manila

webmail[4]
Mateo setter stor pris på at MaMas kommer og behandler fangene
Stor takknemlighet når MaMas kommer for å ha legeundersøkelse.

Imus fengsel ligg i Cavite, ca ein halv time med bil frå Ma’Mas.  Fengselet har 600 innsette,derav 70 kvinner.

Me vert møtt av fengselsbetjent Jason G. Mateo. Han tek smilande og venleg imot oss, og han fortel at han har arbeidd i tilsaman 10-år i fengslet. «Eg likar jobben min» fortel han på klingande tagalo-engelsk. «Utan jobb, ikkje brød og smør i heimen».

Medical Mission er godt planlagt og organisert. Vi vert viste til eit romsleg lokale der dei har hengt opp ein plakat som ynskjer Doctora Gunhild velkomne tilbake!

Etter kvart kjem pasientane. Det er ordna med venteplassar,og det er orden på køen! Alle ventar tolmodige til det vert deira tur. Doctora Gunhild og Sjukepleiar Gilda tek imot pasientane. Mange har infiserte sår og byller, og somme av såra såg ikkje fine ut.Trist og sjå kor lenge dei har måtte venta før dei har fått hjelp. Hudproblema går igjen, så det vert rekvirert såpe og medisiner som er til god hjelp. Samstundes som vi var der var det ein filippinsk doktor med tre sjukepleiarar som også tok imot pasientar.

20161011_044521[1]
Sår som har fått vokst uten behandling
14680744_1387001687984514_3464587104368583935_n[1]
Grete og Gunhild i full gang med å stelle sår
Sjukepleiar Grete var med og tok seg av sår og byller som trong stell og bandasje.

Det var og med eit filippinsk tannlegeteam i fengslet. Dei var i aktivitet i to timar og rakk og trekke ut 55 tenner!  Det er den einaste tannbehandlinga dei kan få tilbod om.

Vi hadde utdeling av briller, og det var også kjærkome.

Det var også med tre medhjelparar frå Ma’Mas; Jeanette, Avigail og Ever. Dei administrerer store deler av Medical Mission, og dei deler ut medisiner til pasientane.

Idag var det 210 takknemlige pasientar som fekk etterlengta hjelp.

Det er Ma’Mas som kjøper inn all medisinen som vert delt ut desse dagane, og den vert delt ut gratis til pasientane.

Ein dag med Medical Mission kostar ca 10.000kr/50000 pesos. Dette er pengar som er innsamla til Ma’Mas i Norge.  Vi er trygge på at desse pengane vert godt forvalta.

Det vert nytt Medical Mission i november, etter ynskje frå Doctora Gunhild. Me rakk ikkje over alle som ville ha hjelp denne gongen, og nokon treng oppfylgjing. Tannlege vert med då også.

Medical Mission er kjærlighet i praksis!

20161011_043546[1]
Våre flinke medarbeidere Janette og Abby, I bakgrunnen vår gode sjåfør og altmuligmann Ever.