Kategorier
Nyhet

Takkar Ma-Ma’s og «heile Norge»

Vår daglege leiar Astrid Berntsen har møtt Eunice Ann Cuenca (27), som kjem frå ein svært fattig familie. Med hjelp frå Ma-Ma’s har ho fått utdanning som arkitekt, og jobbar no i eit stort internasjonalt selskap i Manila-området.

– Ei ung dame i gul T-skjorte møter meg med eit stort smil. Eg er i Håpets havn og denne jenta har sagt seg villig til å fortelja meg litt om livet sitt. Namnet hennar er Eunice Ann Cuenca. Ho kjem frå Imus, Cavite, ikkje langt frå storbyen Manila. Eunice fortel at ho er einaste barnet i familen. Det har berre vore mor og Eunice. Far har ho aldri sett. Eunice kan hugsa mormor, ho levde saman med dei, men jenta var berre 5 år då mormora døydde.

Mor kunne ikkje lese og skrive
Eunice og mor hadde svært lite pengar. Mor hadde arbeid som hushjelp, men løna var låg. Det var vanskeleg mange gonger å klare seg med så lite.
På Filippinene er det slik at barna må ha med seg «snacks» på skulen kvar dag. Også kladdebøker, blyantar og viskelær må kjøpast. I tillegg til pengeproblema, hadde Eunice ingen som kunne hjelpa til med leksene. Mor kunne ikkje lesa eller skriva. Ho hadde aldri lært det, og kunne derfor ikkje hjelpa jenta si med heimearbeidet.
Eunice måtte derfor klare seg sjølv frå ho starta på skulen som 7 åring.

Var misunneleg på dei andre
– Eg var ofte misunneleg på dei andre barna som hadde ein «skikkeleg» familie, eg hadde berre mor… Mor har heller ingen nær familie, berre nokre slektningar inne i Manila.
– Måtte du ofte leggja deg med tom mage? spør eg. – Nei, eg fann på noko slik at eg kunne unngå det. Eg leika med nabobarna heilt til dei skulle eta middag. Eg var der heilt til nabokona inviterte meg til å eta saman med dei. Etterpå kunne eg gå heim til mor med mett mage! Det hende også ofte at eg fekk mat i kyrkjelyden vi høyrde til.

Fekk høyre om Ma-Ma’s
– Det var gjennom pastoren vår at eg kom i kontakt med Ma-Ma’s. Han visste at vi hadde svært lite, så han søkte om skulemateriell til meg. Då eg gjekk i 4. klasse fekk eg min første skulesekk frå Ma-Ma’s. Sidan har Ma-Ma’s støtta meg og gitt meg det som skulle til for at eg kunne få ei utdanning. Mor hadde ingen sjanse til å betale ei lang og dyr utdanning for meg.
– Korleis har du det i dag?.
– Eg var ferdig utdanna arkitekt i 2011. Eg har lisens og kan jobba både som arkitekt og «Master Plumber». Eg teiknar røyropplegget i store og små bygg. Sidan 2014 har eg hatt fast jobb i eit stort internasjonalt selskap her i Cavite.

Takkar Gud og støttespelarane
Denne dagen kjører ho sin eigen bil frå Imus til Håpets Havn. Mor (59 år) og den vesle hunden deira «Smily» er med på turen. Eunice er her for å diskutera byggteikningar med Daisy, som er administrativ leiar på sjukehuset vårt. Den vesle jenta, som for 20 år sidan måtte «snika» seg til bordet hos naboen, er blitt ein flink arkitekt som syter for at både mor og «Smily» har det bra.
Ho gjev si takk til Gud og ho gjev si takk til Ma-Ma’s. Ho takkar støttespelarane og «heile Norge» for det nye livet ho har fått!